Skrapesjuke Nor98 i Hordaland
Veterinærinstituttet har påvist skrapesjuke hjå ei sju år gammal søye av rasen spæl frå ein flokk med om lag 80 vinterfôra sauer i Kvam kommune i Hordaland. Funnet vart gjort som resultat av prøvetaking i samband med overvakings- og kontrollprogrammet for skrapesjuke hjå sau og geit.