PKD trugar norsk laksefisk
Merk deg forkortinga PKD. Dette er garantert ikkje siste gongen du les om desse tre bokstavane. PKD er namnet på ein parasittsjukdom hos laksefisk som har herja i fleire europeiske land over lengre tid. No gjer sjukdommen seg også gjeldande i norske vassdrag.