Framleis blyforgifting hos storfe
Blyforgifting er ei velkjend liding hos storfe. Den typiske forgiftingskjelda er blybatteri som folk har slengt frå seg, eller blyhaldige bålrestar som dyra får tilgang til ute. Kyr er nysgjerrige og liker å slikke på ting. Det er truleg derfor dei er meir utsette for slik forgifting enn andre husdyr. Større vekt på forsvarleg avfallshandtering har ikkje betra problemet.